Vind i Gardhol

1979 –

Vind i Gardhol i januar 1915. (bilde:Jærbladet)

Visegruppa Vind i Gardhol starta opp på Obrestad i 1979.

Utdrag fra boka «Me putla å synge», Jæren forlag 2016.
I september 1979 var det første gong gruppa spela saman under navnet Vind i Gardhol. Det skjedde på ein kulturkveld i Time rådhus.

Det var altså naboar og venner på Obrestad, og ein frå Nærbø som utgjorde Vind i Gardhol.

(Aftenbladet april 1981)

Sigmund Aanestad, sang.
Hans Obrestad, sang.
Svein Obrestad, sang.
Leif Obrestad, gitar og sang.
Jarle Obrestad, gitar og sang.
Torstein Obrestad, piano, trekkspel, sang.
Trond Gudmestad, trommer, bass og gitar.

(Jarle og Torstein er brødre, dei andre ikkje nære slektningar)

(Aftenbladet april 1981)

Gruppa hadde ein sang på repertoaret som hette Vind i Garhol med ein tekst som Tobias Skretting har skrive og Torstein har tonesett. Mange har nok tenkt at det var den sangen som ga gruppa navnet. Men slik var det faktisk ikkje.

(Aftenbladet april1981)
(Utdrag fra boka «Me putla å synge», Jæren forlag 2016)

Utover året 1981 låg det i korta at det gruppa var komen til vegs ende, dei ville slutta av. Men først ville dei gå i studio og spele inn sangane sine for å ha det som minne frå ei gild tid. Dei gjekk til Erling Løvik sitt TT-studio på Kvernaland, og resultatet vart 12 spor på musikkassett og langspelplate (LP).

Vind i gardhol gir ut LP-plate hausten 1981.
(Aftenbladet april 1981)
12 spor på vinyl og musikkassett. Omslaget var håndskrevet av Anne Rita Gudmestad.

I 1981 vart Vind i Gardhol med i Trygve Hoff sin programserie om dialektar i NRK fjernsynet.

Etter opptreden i beste sendetid i norsk fjernsyn og utgjeving av Lp-plate og musikkasett, var det slutt for visegruppa frå Obrestad. Medlemmane skulle gå kvar sine eigne musikalse vegar.

Vind i gardhol framleis aktive, og i godt selskap i 1985.
Og i 2012 står dei på scenen på Jærnåttå.

Musikken deira, og platene var etterspurt, og i 1999 vart det trykt opp nytt opplag, denne gong i CD-format. Og det måtte då til ein relanseringskonsert, og 12. november stod dei på scenen på Bryne Kro & Hotell. Dei var nå bare seks mann etter at Sigmund Aanestad hadde måtta gi tapt for kreft året før.

På spørsmål frå Jærbladet om denne relanseringskonserten var starten på eit nytt liv for Vind i Gardhol, svara dei nei. Men likevel har dei i seinare åra gjennomført fleire konsertar.